Kategorier
Bok og annen omtale Humanisme og ateisme Religion

Bok: «Gud er ikkje død»

I si nye bok klarer Terry Eagleton å ta både ateisme og religion på større alvor enn kva me er vande med i samfunnsdebatten.

Dea-Renate
Dea-Renate Husebø Miranda (f. 1990) studerer litt religion og samfunn, og jobber til daglig i Human-Etisk Forbund. Hun er tidligere leder av Humanistisk Ungdom, og driver bloggfelleskapet Tankeferd.
Dea-Renate

Latest posts by Dea-Renate (see all)

Terry Eagleton: Culture and the Death of God. Yale University Press (2014)
Terry Eagleton
Culture and the Death of God
Yale University Press (2014)

Frå 02/15.

I si nye bok klarer Terry Eagleton å ta både ateisme og religion på større alvor enn kva me er vande med i samfunnsdebatten.

Tanken om religionens død er ikkje ny. Det er mange som har hevda at religionen har utspelt si rolle dei siste 300 åra. Når ein ser på den svært sekulære offentlege samtalen som blir ført i Noreg i dag, er det ikkje så vanskeleg å sjå føre seg at det kan vere noko i påstanden.

Terry Eagleton er eit ikkje ukjent namn i denne samanhengen. «The Armchair Revolutionary», som han fekk som kallenamn i eit intervju i The Guardian for eit par år tilbake, er professor i engelsk litteratur ved Lancaster University og i kulturteori ved National University of Ireland, i tillegg til besøkande professor i engelsk litteratur ved University of Notre Dame. Han er òg marxist, og gav i 2011 ut boka Why Marx Was Right, der han gjer sitt for å gjenopplive ideane til Marx.

I 2009 kom han med boka Reason, Faith, and Revolution: Reflections on the God Debate (på norsk i 2013: Fornuft, Tro og Revolusjon: En kritikk av nyateismen, utgjeven på Verbum Forlag). Denne boka er eit krast oppgjer med det meir prominente motsvaret på religion – nyateismen.[1]

Hans seinaste bok, Culture and the Death of God, er ikkje særleg overraskande eller banebrytande. Innhaldet er i samsvar med kva Eagleton har skrive og meint tidlegare, og er (i forskjellige former) ikkje uhøyrt blant religionsnerdar. Men dette betyr ikkje at boka er irrelevant – tvert om. Eagletons oppsummering av dei siste 300 åras filosofar og tenkarars syn på religion og livssyn, er førebiletleg. På rett over 200 sider har han rukke å gje eit godt oversiktsbilete av religionstenking og -tenkarar, i tillegg til å kome med sine eigne merknader og tankar.

Religion – og ateisme – på alvor

Sjølvsagt er materialet vinkla for å bygge opp om Eagletons hypotese: At, trass i iherdige forsøk, har vi ikkje klart å bli kvitt denne Gud-personlegdomen; vi endar alltid opp med ein form for Gud eller religion.

Sjølv om Eagleton kanskje nytter vel mange kjelder, er tesen hans bra bygd opp. Innhaldet i boka er fordelt på ei rekke gode kapittel disponert i stigande rekkefølge, slik at ein som lesar kjem nærare og nærare samtida. Dermed vert innhaldet meir og meir til å kjenne att. Siste kapittel er såpass godt at det burde vore obligatorisk bakgrunnsstoff for alle som ynskjer å studere og kommentere samtidsreligion.

Dette gjeld spesielt då mykje av studiar av religion held eit stort fokus på nettopp religion, og gløymer litt av religionens litt treige, men stadig vaksande litlebror ateismen – med alle sine underartar.

Eagleton er faktisk ein av svært få i feltet som tek ateismen seriøst og set den i eit historisk perspektiv. Dette er både forfriskande og spennande, spesielt når ein er van med at Richard Dawkins og hans likesinna nesten gjer eit poeng ut av å ikkje ha lese om religion. Eagleton på si side har teke seg tid til å setje seg inn i saka før han uttalar seg. Trass i at han ikkje er religionsvitar (han startar faktisk Fornuft, Tro og Revolusjon med å seie nettopp det), avfeiar han ikkje religionsvitskap og -historie av den grunn. Han tek heller saka på alvor, og har eit breiare syn enn det som reduserer seg til at religionen har hevda og meint ting som sjølvsagt ikkje lenger stemmer med verkelegheita.

Det er interessant å sjå at ein av religionens kanskje viktigare forsvararar dei siste åra sjølv er både marxist og ikkje-truande. Dette gjev dessutan forsvaret ein ny grad av truverd, sidan det då ikkje kjem frå dei same, gamle apologetane, men frå ei gruppe som tradisjonelt sett har store motførestillingar mot religion:

It is common knowledge that Marx regarded religion as the opium of the people, as well as the holy water with which the priest sprinkled the bad conscience of the bourgeoisie. It is less widely bruited that he also saw it as the heart of a heartless world. There are worse ways, incidentally, of summing up Romanticism.

Eagleton nyttar altså mykje plass til å gå gjennom tenkarar frå dei siste 300 åra, og legg fram at omtrent alle konkluderer med at Folket burde tru. Forskjellane då blir i stor grad berre om form: anten overlate Folket til deira barbariske overtru, gje Folket ein ny, meir rasjonell religion med sekulær mytologi, eller selje ein meir forsnobba form for kristendom – poetisk tilpassa til praktisk massekonsum.

Kor startar og endar religionen?

I ein verd med stadig mindre plass til religion, kva tyder det eigentleg at ein ikkje vert kvitt den? Som nemnt tidlegare er ikkje Eagletons tesar akkurat ny tenking. At det er vanskeleg å skilje ut religion og religiøs praksis frå kultur og sosiale normer, har dei fleste som på alvor har forsøkt å definere religion, erfart. Med så flytande overgangar, er det vanskeleg å sette tydelege skilje, og det flyter gjerne over i mykje meir enn ein ser føre seg.

Korleis nordmenn (og – i utviding – skandinavarar) ser på religion, er eit godt døme. Det sterke, lutherske skilje mellom tru og praksis er så innbakt i vår kultur at det kan vere vanskeleg å få med seg at det same ikkje er tilfellet i dei fleste andre kulturar.

Dette er svært tydeleg i dagens omskjeringsdebatt, interessant nok med Human-Etisk Forbund som ein markant aktør. Brit Mila (den jødiske omskjeringsseremonien) vil det for mange norske auge vere vanskeleg å sjå eit poeng med, anna enn som ei rein religiøs markering. Samtidig er dette ein særs innarbeidd jødisk tradisjon, som på mange måtar har blitt mykje meir enn ei «simpel» pakt mellom Gud og Abraham. Det er ein del av den jødiske identiteten – heilt uavhengig av tru. Det å vere jødisk mann utan omskoren penis er for mange jødar like utenkjeleg som nettopp å vere omskoren for dei fleste nordmenn.

Andre gode døme kan vere diskusjonen om salmemaraton som gjekk seinhausten 2014, der det kjem godt fram kor vanskeleg det kan vere heilt å sjå kvar skiljet går mellom religion og kultur. [2]

Men kva har det seg at desse sosiale normene skal bite seg så forbanna godt fast? Me har jo fleire hundre års historie med smarte folk som gong på gong avfeia religion og tru? Kvifor skal Folket då fortsette å tru, i tråd med Platons noble løgn? Er verkeleg dei funksjonane religion fyller så viktige at trua kan vere fordelaktig å tvihalde på?

Ja, ser det ut til at Eagleton meiner. Hans oppsummering av Émile Durkheims syn på religion og vitskap poengterer dette godt:

Religion is not primarily a set of theoretical claims about the world, which might then find themselves in competition with the scientific outlook. As a set of social practices, it moves us to action in ways in which Reason alone is incapable. From a scientific viewpoint, religious doctrines may well be false, but this is scarcely the point. It would be like claiming that the death of Cordelia is incapable of moving us to tears because there never was such a woman.

Religion fyller difor ei rolle det kan vere vanskeleg for Fornuft (vitskap og rasjonalitet) å dekke: Inspirasjon, motivasjon og moral. Det er ikkje dermed sagt at dette er noko Fornuft er uskikka til – heller at det er noko religion ligg eit par tusen år i forkant med. Og religion omfattar mykje meir enn mange trur. Det er ikkje snakk om eksklusivt tru på, og å underkaste seg Gud, som enkelte nyateistar vil ha det til. Religion er like mykje det å høyre til, å ha eit samfunn som ein kjenner seg trygg i, med same oppfatning om grunnleggjande verdiar, syn på liv, død, og alt i mellom.

Er (livssyns)humanismen en religion?

Eagleton er så vidt innom (og viser til) Alain de Botton si bok Religion For Atheists. I staden for å distansere seg frå eller vere fiendtlege til religion, burde ateistar og agnostikarar heller sjå på kva dei kan få ut av den.

I Noreg har ein lenge sett delar av desse ideane i Human-Etisk Forbund, med seremoniar til fire av livets større markeringar, eit livssynssamfunn for humanistar, og til og med etter kvart ei ungdomsgrein i Humanistisk Ungdom for å møte og gje eit aktivitetstilbod til unge så vel som vaksne.

Eagleton ville nok – grunna av sin ganske snevre, spesifikke definisjon av ateisme – definert inn HEF som ein form for religion, og går ganske langt i å gjere nettopp dette med humanistiske livssyn. Dei fleste fellestrekka for religion vil òg kunne omfatte humanismen til Human-Etisk Forbund (bortsett frå gudstru, sjølvsagt!).

Kva har det eigentleg å seie om humanismen skulle bli definert som religion? I praksis lite. Uansett kor mykje humanistar i HEF vil kvi seg frå å gå under det omgrepet, gjev det religionsvitskapleg meining. Det vil gjere at humanismen faktisk får skikkeleg plass i religionsvitskap, og endeleg kan studerast og samanliknast betre og i større grad enn i dag – kor det så vidt nemnast, og i stor grad berre fordi HEF er ein så stor aktør i den offentlege samtalen om religion.

Det vil òg gjere det lettare å sjå på likskapar i staden for forskjellar. Dei fleste humanistar har nok meir til felles med religiøse når det gjeld verdiar og etikk enn kva dei har med ateistiske nihilistar. Dermed ville det kanskje vere fordelaktig å prøve å snakke saman frå den ståstaden, heller enn det klassiske «du er religiøs, og dermed kan eg ikkje ta deg seriøst»-etoset til visse nyateistar.

Uavhengig av utgangspunkt, vil boka til Eagleton vere interessant å få med seg – kanskje spesielt i ein norsk kontekst, med tanke på den sekulære tonen me nesten unngår å snakke om religion med. Når ein først får snakke om emnet, endar ein gjerne opp med å berre snakke om kor vidt det eksisterer ein gud eller ei. Og den diskusjonen er eigentleg noko av det mest keisame med heile konseptet.

Dette betyr ikkje nødvendigvis at Eagleton har fått til alt i boka. 208 sider er ikkje mykje, men han har – med sitt utruleg fargerike språk – setningar med meir innhald enn mange har på ein side:

If Enlightenment Reason signifies a kind of perfection, a faculty which in Swiftian phrase is always true and just, art for the Romantics is in quest of a completion it can never attain, and would cease to exist were it to do so.

Resultatet er at Eagleton tidvis er tung å lese. Og med så mykje filosofi og historie som han går gjennom, vert boka diverre ikkje heilt så tilgjengeleg som den burde vere.

Men alt i alt har Terry Eagleton levert ei god, velfundert og relativt konsis bok, som nok ikkje vil falle i god jord hos dei som allereie meiner at Gud er død og gravlagd, og at vi allereie har dansa på grava hans i mange år.

 

Fotnotar:

  1. Som elles var ein del av bokessayet Ein ateismekritikk-kritikk i Humanist 04/13
  2. Sjå: http://tankeferd.no/2014/12/eit-kulturelt-forsvarleg-salmemaraton/

Av Dea-Renate

Dea-Renate Husebø Miranda (f. 1990) studerer litt religion og samfunn, og jobber til daglig i Human-Etisk Forbund. Hun er tidligere leder av Humanistisk Ungdom, og driver bloggfelleskapet Tankeferd.