Kategorier
Konspirasjonstenkning og ekstremisme Politikk og samfunn

Den store damejakta

Sjekkeguruane lovar at sjølv den største tapar kan forføre den vakraste kvinna – berre han bruker dei rette triksa. Men kva slags kvinnesyn står ein for når ein preikar at kvinner er eit bytte?

Kristian Bjørkelo

Kristian Bjørkelo

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist. Han har gitt ut bøkene Gi meg en scene! om norsk blogghistorie og Ekstremisme, etter å ha fulgt ulike ekstreme miljøer i 15 år.
Kristian Bjørkelo

Latest posts by Kristian Bjørkelo (see all)

Frå 1/15. 

Sjekkeguruane lovar at sjølv den største tapar kan forføre den vakraste kvinna – berre han bruker dei rette triksa. Men kva slags kvinnesyn står ein for når ein preikar at kvinner er eit bytte?

− Hei, sit du og les så tidleg på føremiddagen? Eg lenar meg mot bardisken på kaffibaren når ei jente, minst HB8 («Hot Babe», 8 på ein skala frå 1 til 10), kjem og vil ha fylt opp kaffikoppen. Ho svarar høfleg når ho set frå seg koppen at ho les til eksamen. Dei færraste studiar har eksamen i februar, så eg spør henne om det er jus eller psykologi ho studerer.

− Eg les til eksamen i psykologi, seier ho og tek imot kaffien.

Servicen her er alltid på topp, det er difor eg ofte heng ved disken og snakkar med mine to favorittbaristaer. Dessutan dukkar det alltid opp andre der som er villige til å slå av ein prat. Som denne jenta. Eg grip høve til å slenge med leppa.

− Psykologi, ja? Det forklarar jo saka, dei er alle litt sprø på det faget.

Ho smiler og ler litt, men viktigast er at ho vert ståande med koppen i handa. Eg har henne på kroken, då må eg berre snøre henne inn. Som med all fisking er det viktig å ikkje vere for ivrig. Så eg må ikkje orsake meg sjølv eller trygle om merksemd; eg må levere ein «neg»: ein spøkefull negativ kommentar.

− Men så er vel du òg sprø. Eg har aldri møtt ein psykolog som ikkje treng heftig med terapi sjølv, smiler eg. Ho ler. Bingo, ein fulltreffar på målet!

− Ikkje? Er du sikker på at det ikkje er du som treng terapi? Ho gliser frekt attende.

− Joda, det har alle sagt at eg gjer, men det er dyrt, seier eg. Og tar ein slurk av koppen min.

− Eg kan gjere det for deg gratis, svarar ho. Ein invitasjon om å halde fram å verte kjend.

Ho foreslår at eg kan komme i terapi hjå henne på klinikken, men eg kontrar med at det kanskje er like lett å berre møtast hjå meg. Det vil ho så klart. Eg nikker og flirer, og lar samtala naturleg runde seg sjølv av, og ho ruslar attende til lesinga utan at vi har presentert oss eller utveksla kontaktinformasjon. Berre nokre minutts uskuldig leik og prat.

Hadde dette vore ein verkeleg sjekkesituasjon, så skulle eg ha følgd opp med ein demonstrasjon av verdi, ein såkalla «Demonstration of Higher Value» (DHV). Eg skulle synt eit eller anna talent eller noko som gjorde at eg skilde meg ut. Deretter burde eg ha isolert målet, det vil seie sørga for å trekkje meg unna med jenta og etablert tillit med eit eller anna triks. Eg hadde mottatt fleire IOI («Indicators of interest») som tyda på at ho var interessert. Om det verkeleg var alvorleg hadde eg initiert berøring (eller «kino»), for å signalisere mi interesse.

Dette er framgangsmåten og språket til ein Pick-Up Artist, ein PUA. På norsk kan vi kalle dei sjekkekunstnar. Stilen var «Cocky & Funny», fordi det er det som fell meg naturleg. Folk som berre har møtt meg ein gong vil nok skildre meg anten som ein klovn eller som overlegen, andre vil meine begge delar − altså Cocky & Funny. Eg ana ikkje at dette var ein eigen stil for sjekking, men så er eg ikkje noko sjekkekunstnar, og har heller ingen ambisjonar om å bli det. Det finnes derimot mange sosialt keitete menn der ute som vil ingenting anna enn å meistre denne type interaksjon med det motsette kjønn. Deira mål er lukke, lukke gjennom seksuell erobring. Anten for å finne den store kjærleiken eller få så mange hakk i sengestolpa som mogleg. For berre då er ein eit skikkeleg mannfolk.

Sjekkingas kunst

Å vere ein sjekkekunstnar er å vere ein mann som meistrar kvinner. Alle legg litt ulike ting i kva det vil seie å vere ein sjekkekunstnar, men felles for alle forståingar er at dei lukkast i å sosialisere med og å plukke opp kvinner. Det vil seie få kontaktinformasjonen hennar, avtale eit stemnemøte eller få henne til sengs. Dei kallar det å ha eit bra «game»; å meistre sjekkespelet.

Sjekkekunstnarane definerer seg gjerne i kontrast til det miljøet kallar «naturals», menn som er naturleg sjarmerande eller fysisk tiltrekkande. Ein sjekkekunstnar har i staden lært seg opp til å vere sjarmerande, og hevder gjerne å gå vitskapleg til verks. Dei møtast på internettfora og på workshops der dei kan samanlikne notatar. Kva det er som gjer at ei kvinne vert tiltrekt av enkelte menn og framferder, og ikkje? Her er feltrapportane viktige, skriftlege skildringar av og skrytehistorier om sosiale møter med kvinner. Desse vert plukka frå kvarandre og analysert i fellesskap; kva var det som fungerte her?

Dei mest vellukka og drivne sjekkekunstnarane dannar eigne skular og system som andre freistar å kopiere. Dei vert guruar som mindre vellukka menn ser opp til og ønskjer å bli lik. Desse guruane arrangerer gjerne seminar der dei kan lære vekk sin metode. Slike seminar involverer til dømes å sjå videoar av guruen som sjekkar opp damer, eller å bli med guruen på byen. Dei som er aller mest ivrige kan betale for litt personleg coaching. Då er ein garantert suksess med damene.

Mitt første møte med ein slik guru var i 1999, i filmen Magnolia, regissert av Paul Thomas Anderson. I filmen speler Tom Cruise sjekkeguruen Frank T.J. Mackey, som entrar scena til lyden av Richard Strauss «Also Sprach Zarathustra». Der erklærer han til eit jublande mannleg publikum:

“Respect the cock! And tame the cunt! Tame it! Take it on headfirst with the skills that I will teach you at work and say no! You will not control me! No! You will not take my soul! No! You will not win this game! Because it’s a game, guys. You want to think it’s not, huh? You want to think it’s not? Go back to the schoolyard and you have that crush on big-titted Mary Jane. Respect the cock. You are embedding this thought. I am the one who’s in charge. I am the one who says yes! No! Now! Here! Because it’s universal, man. It is evolutional. It is anthropological. It is biological. It is animal. We… are… men!”

Mackey framstår som absurd og komisk, og samstundes pinsamt lik mange av dei PUA-guruane som reiser verda rundt og lovar sitt publikum at dei òg kjem til å kunne liggje med haugevis av kvinner. Og medan eg lo rått då eg såg den underlege framtoninga til Frank T.J. Mackey, så har han kanskje eit poeng. Ein eller annan stad inne i den pubertale fikseringa på kjønnsorgan og alfahann-mentaliteten, ligg det kanskje ei kjerne av sanning. I alle fall nok til at det innleidde publikummet måtte snakkast ned etter at scena var spilt inn, og nok til at slike guruar faktisk har ganske mange tilhengjarar som svergar til sjekkekunst som livsstil.

Dei meistringslause i venesona

Det å kunne meistre sosial omgang med kvinner og sjekke dei er ein ettertrakta eigenskap for mange menn. Samfunnet har så lenge vi kan hugse vore retta inn mot å danne par. Vi er ikkje fullstendige om vi ikkje har ein romantisk og seksuell partner.

Tradisjonelt har det òg vore eit ideal for kvinna å halde seg til éin partner, medan mannen har vore oppmoda av den maskuline kulturen til å ha fleire. I dag står kvinnene mykje friare til å velje partnarane sine, og til å ha langt fleire partnarar enn før. Dette skapar eit visst problem hjå dei mennene som kjenner seg sjølv som lite attraktive eller som berre ikkje meistrar det sosiale spelet som skal til for å få ein partnar. Det er jo aldri nokon som har lært dei spelereglane.

Eg kjenner meg att i desse problemstillingane. Korleis skal eg fange interessa til ei kvinne − både den spesielle kvinna som eg vonar å slå meg ned med, og kvinnene som eg finn tiltrekkande her og no? Det er eit press på menn om at vi skal vere vellukka jegerar, vi skal jakte ned og erobre kvinner. Eg er kanskje heldigare stilt enn mange, då eg faktisk lukkast i ny og ne, men eg har kjent på frustrasjonen og dette ønsket om ei oppskrift. Korleis er det eigentleg vi gjer dette?

Mange menn meiner seg fanga i «the friendzone»; venesona. Venesona er det som skjer når ein mann oppsøkjer ei kvinne i von om å opprette ein seksuell relasjon, men må ta til takke med eit venskap. Stakkars mann! Ein førestiller seg at kvinna plasserer ein mann snøgt i kategoriane sexpartner eller ven. Og nåde den som kjem i venesona, han har tapt. Innforstått i dette er jo sjølvsagt at ein mann som er i venesona aldri kan verte seksuelt (eller romantisk) interessant. Eg kan òg tolke frå dette at ein mann som startar ein relasjon med ei kvinne hovudsakleg er ute etter sex eller romantikk, og at venskap er eit taparutfall − det var ikkje difor han starta samtala eller møtte henne for ein kopp kaffi.

Heldigvis er venesona berre vrøvl. Den er eit underleg produkt av svart-kvitt-tenking og manglande erfaring med forhold mellom menn og kvinner. Romantiske forhold kan vekse naturleg ut av venskap, og venskap kan vekse ut av seksuelle forhold. Problemet oppstår når romantiske eller seksuelle relasjonar er noko den eine partnaren forventar, eller til og med meiner han fortener.

Frå desse forventingane kjem mykje frustrasjon. Eller meir presist: Ideen om at dei burde få ein sjanse og at dei burde vere seksuelt attraktive for kvinnene i sine liv fører med seg ein del frustrasjon. Dei er jo så greie, kvifor vil ikkje kvinnene liggje med dei? Vi kallar menn som tenkjer slik «Nice Guys». Ein Nice Guy må ikkje verte forveksla med ein fyr som faktisk er grei og sympatisk. Ein Nice Guy er grei fordi han vil ha noko, først og fremst sex. Han meiner han har gjort seg fortent til sex fordi han er grei, i motsetnad til dei som faktisk får dama.

I beste fall trur ein Nice Guy at han er ein grei gut, men i verste fall så latar han berre som.

Korleis sjekke opp damer

Å skaffe seg ein partner er ikkje nett eit nytt problem. Vi har alltid hatt behov for råd i vår kurtise, og dette har tradisjonelt vore regulert ved å være ein del av etiketten. Den seksuelle revolusjonen, kvinnefrigjeringa og den generelle av-formaliseringa av det vestlege samfunnet som følgde etter den andre verdskrig endra dette.

Det har nok alltid vore frustrerte menn der ute, men utan formaliserte speleregler vart dei endå meir frustrerte. Det er frå dette sjekkemiljøet sjekkekulturen oppstår. Det å sjekke opp ei kvinne vart ein viktig eigenskap. Dette var i alle fall premissen for Eric Weber som ga ut si bok How to Pick Up Girls i 1970. Det vert hevda at denne boka har selt i over tre millionar eksemplar, og det seinaste opplaget kom i år 2000.

Utgangspunktet for How to Pick Up Girls var ganske enkelt at forfattaren gjerne ville fortelje oss at den moderne kvinne ønskjer å verte sjekka opp. Ho hadde oppdaga fridom og seksualitet, og dette ville ho utnytte. Kjernen for boka er «25 beautiful girls» som Weber intervjuar om kva dei likar.

Weber gjev råd om kvar ein treff kvinner og korleis ein skal gå fram for å sjekke ved dei ulike stadane. Ein av dei meir underlege passasjane i boka er rådet om å melde seg på ballettkurs for å treffe damer, og Weber tryggjer i den samanhengen lesaren om at han ikkje skal vere nervøs for at jentene trur han er homofil – dei vil forstå at han er ein «ekte mann». Her og der, som i introduksjonen, er det eit par underlege valdtektsreferanser, men elles er boka svært uskuldig sett med moderne auge. Vi snakkar ein ekte tidskapsel som peiker attende til eit USA rett etter den namngjetne «Summer of Love».

Den viktigaste lærdomen ein får frå How to Pick Up Girls er at for å trekke kvinner må ein ha sjølvtillit; ein må våge å verte avvist. Dette er kjernen i all sjekkekunst, og som seinare sjekkekunstnarar vidareutviklar.

Forføring via hypnose?

Ein som byggja vidare på dei tidlege metodane var Ross Jeffries, som byrja å halde kurs og skrive bøker på 90-talet. Han var den første moderne sjekkekunstnaren, og ifølgje seg sjølv var han inspirasjonskjelda til Frank T.J. Mackey i Magnolia.

Jeffries freista å gje sine metodar eit skin av vitskap ved å bruke nevrolingvistisk programmering. NLP baserer seg delvis på ein omstridt hypnotisk metode utvikla av Milton Erickson, og er ein pseudovitskap, altså noko som hevder å vere vitskapleg, men som aldri har vore dokumentert. Tvert om tyder dei fleste studiar på at NLP ikkje har noko for seg, og at rapportane som støtter opp om denne metoden inneheld fleire faktiske feil.

Det Ross Jeffries tok med seg frå NLP var ideen om å kunne knytte (eller ankre) kjensler og tankar til bestemte rørsler og liknande. Han meinte at ein kan programmere samtalepartnarar (i dette tilfellet kvinner, så klart), til å knytte positive eller seksuelle kjensler til bestemte handrørsler eller ord, og så utnytte dette. Dette var altså hans sentrale sjekketeknikk.

Jeffries meinte menn burde slutte å føye seg etter kvinner. Menn fekk det dei ville ha om dei var litt meir vanskelege, og ikkje heile tida prøvde å vere greie. Dette vekte sjølvsagt ein del oppsikt blant feministar og andre. Ikkje minst når han reklamerte med sine bøker og seminar (i det han kallar «Speed Seduction» − snøggforføring), med lovnadar om triks som garanterte å skaffe menn eit ligg på rekordtid. Eit av dei hypnotiske triksa i hans metode var å få ei kvinne til å knytte positive kjensler til eit ord eller ein fysisk gest, og så nytte det ordet eller gesten på eit vis som knytte den positive kjensla til sjekkaren og til eventuell seksuell aktivitet.

Jeffries etterfølgjerar er heller ikkje snaue med å hevde vitskapleg grunnlag for sine sjekketriks. Dei er kanskje ikkje like opptatt av NLP, men desto meir av evolusjonspsykologi, sosiobiologi og andre teoriar som enten er funne i randsona av normalvitskapen eller tolka på særeigne måtar. Typisk er at all menneskeleg åtferd vert her spora til tenkte steinaldersamfunn og til dyreriket. For å gripe til Magnolia igjen: «Det er evolusjonært. Det er antropologisk. Det er biologisk. Det er dyrisk. Vi… er… menn!»

Menn kan framleis formeire seg etter å ha gjort ei kvinne gravid, difor vil han alltid jakte på kvinner. Påfuglar tiltrekk seg kvinner ved å vise fjær, difor kan ein sjekkekunstnar få dame med å kle seg ekstravagant og oppsiktsvekkande (sjekkekunstnarane kallar dette «peacocking»). Eit vitskapssyn som dette er deterministisk og mekanisk, noko som forklarar deira sjekketriks: Sei A, få B til respons, følg opp med C, avvent D. Om D så be om nummer eller ta med heim.

Det er snakk om eit verdsbilete blotta for forståing for den kulturelle og sosiale dimensjonen av mennesket og samfunnet.

The Game spelet

Nye og vordande sjekkekunstnarar samla seg på internettfora på 2000-talet med fancy pseudonym som Maniac High, Papa, Tyler og liknande.

Dei var den nye generasjonen av sjekkekunstnarar; unge menn som har søkt saman på internett for å finne ut korleis dei kunne flørte og sjarmere. Målet deira var sex − nett slik som dei hadde sett på film. Feltrapportane deira og analysane vart opphav til sjekkemanualar som Maniac High’s Seduction Guide (som skal hjelpe greie gutar med å få meir hell med kvinnene), og Tony’s LayGuide.

Desse manualane inspirerte journalisten Neil Strauss til å utforske miljøet. Strauss tek kontakt med ein av dei leiande sjekkeartistane på nett, Mystery. Mystery tek Strauss under sine venger etter eit kurs, og saman byrjar dei å reise rundt i verda og utforske sjekketriks. Strauss, no under sitt nye namn Style, oppsøkjer andre guruar i PUA-miljøet, som Ross Jeffries, for å lære deira metodar. Han kombinerer det beste av det han finn, og han byrjar å få eigne disiplar. Journalisten som alltid hadde oppfatta seg sjølv som lite framgangsrik med damene har no blitt ein guru i PUA-miljøet. Saman med Mystery vert han eit nav i miljøet, og dei samlar sine disiplar i eit hus i Los Angeles. Sjekkekunsten sluker liva deira.

Det er dette ein kan lese om i Strauss si bok The Game: Penetrating the Secret Society of the Pickup Artists.

Guruane i miljøet fungerer som coachar som reiser rundt og held fleire dagar lange workshops med studentane sine. Ei kjapp innføring i teknikkar og liknande, så ein tur i limousin inn til byen der dei får sjå meisteren eller meistarane i aksjon, og deretter prøve seg sjølv. Pris avhenger av kor mykje tid og kor mykje attendemeldingar dei skal få på kurset. Målet med dette, og lovnaden studentane får, er at dei skal plukke opp damer. I brei forstand så skal dei først lære å få eit telefonnummer av ei dame, neste stadium er å kunne få eit kyss, og dei aller beste skal få ei dame til sengs.

Krysset i sengestolpen må ofte vente til elevene har prøvd seg fleire gonger, men meistarane meiner det skal gå å få kven som helst til sengs kva tid som helst. Og når elevene ikkje klarar det, så har dei ei forklaring på det òg.

Spelets regler

Det kanskje mest forunderlege med PUA-miljøet er den eksplosive veksten. Den kan vere vanskeleg å forklare, særleg om ein skal ta utgangspunkt i at Neil Strauss si bok The Game har vore eit avgjerande element. Boka inneheld ein del smakebitar på sjekketriks og rutinar, og er for mange ein stad å byrje å utvikle seg sjølv som sjarmør, men sjølve PUA-miljøet kjem jo ikkje så godt ut av det. Ein må nesten stille seg sjølv spørsmål når det er Tom Cruise, sittande i kantina på scientologikyrkjas «Celebrity Center» der han skjeller ut PUA-miljøet for å vere kontrollerande og manipulativt, som er den fornuftige i boka.

The Game malar ikkje det mest smigrande biletet av miljøet. Ja, dei meistrer sine triks og forfører vakre kvinner, men kven av dei vert lukkelege? Miljøet rundt Style og Mystery kollapsar takka vere lærlingane som dannar avleggaren Real Social Dynamics. Desse framstår som langt meir kyniske og businessorienterte. Mystery kollapsar gong på gong, medan Style finn lukka i å slutte å vere Style og verte Neil Strauss att. Han får seg ein kjæraste først når han legg frå seg PUA-metodane og møter kvinna som eit heilt menneske.

Men det er ikkje dette folk sit att med etter å ha lest boka. Det dei sit att med er at det fins magiske triks ein kan nytte for å forføre kvinner, og det vil mange lære meir om. Difor gav Neil Strauss ut oppfølgjaren The Rules of the Game, som mellom anna inkluderer eit 30-dagars kurs i å verte ein sjekkekunstnar samt manuskript for vellukka sjekking.

Medieeksponering gjorde menn over heile verda klar over at det fans eit tilbod for dei som ikkje klarte å få seg ein kjæraste eller eit ligg. PUA-guruar kunne no reise verda rundt og gje kurs, det eine meir vulgært enn den andre. Mystery fekk eit reality-show på VH1 der han skulle lære ukyssa jomfruer i alderen 20-45 å forføre kvinner. Nokre klarte til og med å kare til seg eit kyss eller to i løpet av dei to sesongane serien varte, men det var smertefullt å sjå på. Underteikna vrei seg litt i sofaen av den påfuglaktige tryllekunstnaren Mystery, som satt på trona si og delte ut råd til sine disiplar før han sende dei ut i klubber stappfulle av menneske for at dei skulle prøve ut den same opningsreplikken til den fungerte og nokon synte interesse (dette var eit bevis for at metoden fungerte).

Det er gjerne slik kursinga og coachinga fungerer: først ei innføring i “metoden” og rutinane for korleis forføre kvinner, før ein skal ut i felten. Populært er òg videoopptak av guruen i aksjon der han demonstrerer kor godt framgangsmåten hans verkar. Ein må nesten gå ut frå at desse videoane er nøye plukka ut for å unngå å syne mindre vellukka seansar.

Sjekkereplikkane vert dyrka som magiske formularar eller ritual. Neil Strauss kommenterer i The Game korleis Los Angeles vart fullt av menneske som oppsøkte kvinner og brukte dei same opningsreplikkene som han sjølv hadde utvikla. Marknaden vart dermed fullstendig overmetta, og metoden vart ubrukeleg.

Sjekking på norsk

Etter utgjevinga av The Game vaks miljøet i Noreg i nokre år. På sitt mest var det fleire hundre sjekkekunstnarar som var meir eller mindre aktive i Oslo, og det var mindre miljø i andre norske byar. Sosialantropolog Sandra Janzsó gjorde feltarbeid til masteren sin i Oslo-miljøet frå 2008 til 2010.

Janzsó fortel meg at dei som vart rekrutterte til miljøet var allslags typar, frå menn med dårleg sjølvtillit til menn med altfor mykje sjølvtillit, frå dei som aldri hadde fullført vidaregåande skule til dei som hadde universitetsgrad. Nokre var sjenerte og altfor snille, medan andre framsto som sosiopatar. Mine fordomar, og erfaringar med miljøet, fortel meg at dei fleste som søkjer til miljøet er bitre unge menn som ikkje klarar å få seg kjæraste, men Janzsó fortel òg om dei som søkjer til PUA-miljøet for å få fleire alternativ og få utvida sitt sosiale nettverk. Eit av hennar funn er at dei fleste av dei bitraste medlemmane i miljøet opplevde ei positiv utvikling der, og fleire er i dag i etablerte og sunne forhold til kvinner. Dei mest kyniske og bitre medlemmane som ikkje såg ut til å utvikle seg i ei positiv retning vart snøgt marginaliserte av resten av miljøet.

Janzsó opplevde òg at dei utanlandske guruane ikkje heilt trefte det norske miljøet. Det er ein stor forskjell på å skulle sjekke opp ei kvinne i USA og å skulle gjere det i Noreg (eller resten av Skandinavia). Den amerikanske sjekkekunstnaren Roosh V, som står bak ein bokserie om kvar og korleis ein skal få seg ligg («Bang») rundt omkring i verda, følte seg tvungen til å gje ut Don’t Bang Denmark, då han ganske enkelt aldri kom nokon veg med skandinaviske kvinner. Årsaka? Økonomisk likestilling. Skandinaviske kvinner treng ikkje menn for å overleve. Som ein artikkel i Dissent Magazine fint formulerar det: “Cockblocked by redistribution”[1]. Eit egalitært sosialdemokratisk samfunn prega av jantelova gjev deg ikkje mykje spelerom for å sjekke opp nokon ved å vere ein brautande alfahann og holebuar som skal demonstrere at ein har «høgare verdi» enn andre menn. Det fungerer berre ikkje.

Det er kanskje difor det norske miljøet har krympa slik det har gjort dei siste åra. Ifølgje Janzsó er det ikkje stort miljø att. Dei fleste har forsvunne inn i lukka grupper på nett som utanforståande ikkje har innsyn i. Av kommersielle aktørar er det berre Gode Vibber, Dating Adventures og, til dels, Genuine Connections som verkar aktive. I tillegg er det truleg nokre anonyme guruar som tilbyr opplæring. Sjølv Real Social Dynamics, som er den største aktøren internasjonalt, har mindre aktivitet i Noreg − men dei har noregsbesøk på kalenderen for 2015.

Janzsó føreslår for meg at i det norske miljøet er det om lag 20 prosent som berre ønskte å nedleggje kvinner, medan resten freista å betre seg sjølv. Brorparten av dei ho møtte i Noreg såg på sjekkekunst som eit vis å utvikle seg sjølv som menneske. Dei ønskja å verte betre og å verte likare alfahannane som får damer.

PUA-miljøet berer absolutt preg av litt New Age-aktig sjølvbetringskultur; bøkene og kursa er prega av den same type «hjelp til sjølvhjelp»-retorikk som ein finn i andre coaching-samanhengar. Nøkkelordet her er gjerne sjølvtillit.

Med sine manuskript over opningsreplikkar og samtalestruktur får sjekkeaspirantane eit verktøy for å komme i gong. Det å starte ei samtale med nokon ein ikkje kjenner er vanskeleg, særleg om ein ikkje veit kva ein skal seie og dersom ein finn den ein skal snakke med tiltrekkande. Dei fleste av oss har på eit eller anna vis kjent på den nervøsiteten. Det finnes ulike måtar å bu seg på slike situasjonar, for å gjere dei mindre skumle. Som å ha innøvde notatar og rutinar å halde seg til. Det er som å ha støttehjul når ein skal lære å sykle: Støttehjula skapar ein falsk tryggleik, men ein kjem i det minste i gang. Problemet er når desse rutinane og magiske triksa får æra for at du klarer deg, og ikkje din styrka sjølvtillit. Når du trur at du berre kan sykle fordi du har støttehjul. Slik vert det ofte med metodane til sjekkemiljøet.

Og slik ender ein gjerne opp med sjekkerar som bruker den same vitsen eller spørsmålet som opningsreplikk på ti ulike kvinner i løpet av kvelden. Og gjentar det same neste helg. Ein dag må jo det fungere, ikkje sant? Sjekkaren vert fanga av det magiske formularet, oppfølgingsrutina, «negginga», «demonstration of value» og så vidare, og får ikkje med seg at dei gongane dei faktisk får napp hjå ei kvinne på byen, så er det på grunn av dei sjølv og deira tilsynelatande sjølvtillit.

Spelet som framandgjer

Sentralt for sjekkinga er altså å ha «game». Game er evna til å framstå som attraktiv for kvinnene og å forføre dei.

Ein har to typar game. Kort oppsummert er indre game din sjølvtillit, medan ytre game er din utsjånad. Den første må du jobbe intenst med deg sjølv for å utvikle, medan ditt ytre game utviklar du ved å skifte ut garderobe, ta solarium, trene og − ikkje minst − kle deg som ein påfugl. Sjekkinga har ein viss spellogikk, og det har vinnarar og taparar. Den som har best game, vil òg vere ein vinnar.

Ein skil mellom metode og rutinar. Metode er eit sett med rutinar og måtar å gå fram på, gjerne utvikla av ein enkel guru. Mystery har sin metode, medan Style har sin. Den vert utvikla av mange rundar med prøving og feiling. Rutinane følgjer med og er enkelttriks og sekvensar av enkelttriks og ting ein skal seie − som opningsreplikk, «neg», diskvalifiserande setningar, identitetsuttrykk, «false time constraints» (eg må gå snart, men eg lurte berre på ein ting) og liknande. Kvar guru og aspirant utviklar sine eigne rutinar, men berre ein faktisk sjekkekunstnar klarar å kombinere ulike element på ståande fot, for aspiranten er dei eit manuskript dei skal følgje.

Rutinane har namn som Lesbian Finger Routine, Five Question Game, The Camera Routine og Cold Reading. Slik skal dei gjere målet sitt komfortabel, og få henne til å senke garden. Og det kan fungere, i tillegg til at for dei som er nervøse og ikkje veit korleis dei skal snakke med framande kvinner er det jo til god hjelp. Det seier seg sjølv at når dei lærar rutinane av andre, er det ikkje alltid sanne anekdotar som vert fortalt, heller ikkje eit sannferdig uttrykk for sjekkekunstnarens identitet. Dette speler heller ingen rolle. Det er eit spel. Det er ei rutine, eit magisk ritual, med eit førehandsbestemt utfall. Trykk på den knappen, så den, så den neste, og om du har gjort dette heilt rett så vil ho like deg og du kan #close, kclose eller fclose. Det vil seie avslutte med å få nummeret eller anna kontaktinformasjon, kysse henne eller gå til sengs med henne.

Språkbruken til PUA-miljøet har eit militært preg, delvis inspirert av Tom Cruise-filmen Top Gun. Døme er «Wingman» (kompis som skal hjelpe deg å sjekke damer), «Target» (målet, altså dama du vil sjekke opp), «Hired Gun» (strippar eller selskapspike som skal imponere damer), «Crash & Burn» (C&B, å verte avvist stygt eller ignorert), «ejecting» (å skyte seg sjølv ut, å runde av eit mislukka forsøk på sjekking) og liknande. I tillegg kjem ei heilt uuttømmeleg liste med akronym, som i seg sjølv ber preg av militær korttale; her nemnar vi i fleng HB (Hot Babe, etterfølgd av eit tal frå ein til ti), BFD (Boyfriend Destroyer), IOI (Indicators of Interest), KAMI (Kino Anchored Motion Inducement, å bruke berøring for å føre dama der du vil) og AMOG (Alpha Male of the Group, sjekkekunstnarens erkefiende). Desse uttrykka kan fylle ganske lange lister, og du finn som oftast ei oversikt i bøkene dei gjev ut. Eller du kan oppsøkje nettsida PUAlingo.com om du absolutt må lære meir.

Dette språket, eller denne sosiolekta om du vil, tilbyr først og fremst ein effektiv måte å kommunisere på og med eit ganske høgt presisjonsnivå. Språket er òg såpass vanskeleg å forstå for dei utanfor at det representerer ein viktig identitetsmarkør. Alle som forstår språket og kan nytte det, er ein av dei og vil verte innlemma i gruppa. Dette er slik språk fungerer, det er difor det ofte er viktig for grupper å bevare språket sitt. Ei gruppe som dannar sitt eiga språk, dannar ein sterk gruppeidentitet. Men språk ekskluderer òg dei som ikkje forstår det, og distanserer brukarane frå andre. Lukka grupper, som scientologikyrkja, kan skape eit språk som skildrar verda på eit vis som dei utanfrå ikkje vil kjenne seg att i.

Slik bidrar språket i PUA-miljøet òg til å distansere og framandgjere medlemmane frå dei kvinnene dei ønskjer å nå. Språket tingleggjer kvinnene; det rangerar etter fysisk utsjånad og gjer dei til militære mål. Det er ikkje rart at miljøet får kritikk av feministar, og det er heller ikkje rart at det skapar grobotn for mange usunne tankar om kvinner.

Feministane har skulda

Real Social Dynamics, som altså vaks ut av miljøet til Style og Mystery på 2000-talet, er den mest aktive gruppa med sjekkekunstnarar i dag.

Desse arrangerer internasjonale turnear, held seminar og workshops ein kan betale dyrt for. Det ein får demonstrert her er eit syn på kvinner fullstendig røva for menneskelegdom. Kvinnene er berre noko som ein skal utøve triksa på for å erobre, med løgn og fanteri om naudsynt. Og sjekkekunstnarane er så stolte av seg sjølv når dei kan syne fram korleis dei kan manipulere andre. Det er eit fullstendig instrumentelt syn på kvinner og mellommenneskelege relasjonar.

Den i Real Social Dynamics som har fått mest omtale, er Julien Blanc. Han vart nyleg utvist frå Australia, då metoden hans vart oppfatta som farleg. Hans kritikarar meiner at metoden han lærar vekk baserer seg på fysisk og emosjonell maktmisbruk, og best kan karakteriserast som overgrep. Det er vanskeleg å seie seg ueinig i dette når eit av hans favorittriks er å overrumple kvinna med eit aldri så lite strupetak. Han har òg oppmoda sine studentar om å gjere som dei vil med asiatiske kvinner, dei er trass alt underdanige og vil føye seg til kvite menn.

Noko har hendt med sjekkemiljøet og sjekkarane.

Den første sjekkekunstboka, Eric Webers How to Pick Up Girls, takka i 1970 feminismen for at det var mogleg å plukke opp kvinner og ha sex med dei. Feminismen og kvinnefrigjeringa gjorde det mogleg for kvinner å oppdage sin seksualitet, kvinnene ønskja no å ha sex.

Versjonen du høyrer frå dagens sjekkekunstnarar er gjerne heilt annleis. Det er feminismen som har øydelagt, og gjort det naudsynt for menn som dei å ta i bruk sjekketriks for å få kvinner. I deira evolusjonspsykologiske og sosiobiologiske perspektiv er kvinnene berre villige til å underkaste seg alfahannen, og ho vil vere langt meir kresen enn mannen i sitt val av partner. Feminismen gjer kvinnene endå meir sjølvstendige og dermed uavhengige av den type menn som PUA-miljøet omfamnar.

På sin blogg skriv sjekkekunstnaren Roosh V om kvifor ein aldri må ha sex med ein feminist. Siktemålet er å venne dei av med feminismen ettersom dei ikkje får sex. Dette er berre eitt av mange bisarre innlegg han har om temaet. Og Roosh V er ikkje kven som helst, men kanskje ein av dei mest populære enkeltståande sjekkekunstnarane på nett i dag.

Menn som skyt kvinner

«Eg er den perfekte gentleman», sa 22 år gamle Elliot Rodger i sin siste YouTube-video. Rodger var forbanna over at kvinner valte å vere i lag med andre enn han, når han sjølv var perfekt. No skulle han ta hemn for at han ikkje hadde hatt sex.

Den 23. mai 2014 drap han seks stykk og såra tretten i Santa Barbara, California, før han sjølv tok livet av seg. Rodger var ikkje ein sjekkekunstnar, PUA hadde ikkje fungert for han, og lovnadane om å forføre kvinner hadde ikkje blitt innfridd. Han var blitt med i PUAhate-miljøet, ei gruppe menn som var definert av eit kombinert sinne mot både kvinner og mot PUA-miljøet. Om PUA hadde fungert for Rodger hadde kanskje ting hatt eit anna utfall.

Sjekkekunstnarane appellerer til ein frustrasjon og eit sinne som syner seg å vere vanskeleg å halde i sjakk. PUAhate-miljøet Elliot Rodger høyrde til oppstår i kryssingspunktet mellom MRA og PUA. Her kombinerast eit fokus på sex og sjekking med eit sinne retta mot kvinner, feministar og «kulturmarxistar».

Bergensbloggaren Eivind Berge hamna i medias søkjelys i 2012 med sitt aggressive kvinnehat og sympatiar for Anders Behring Breivik. Det var feministane si skuld alt saman. Feministane var dei som var skuld i at han vart fråteken høvet til å ha sex. Sex var noko han hadde krav på, men som han ikkje fekk. På same vis som staten kravde inn skatt, meinte han difor at han kunne krevje inn sex via valdtekt. Det var ei skattelegging av feminismen og feministstaten. Liknande tankar gav nyleg Roosh V uttrykk for, då han i sin blogg hevda at for å redusere valdtekt, så burde ein gjere valdtekt på eigen eigedom lovleg. Kvinnene ber jo trass alt om det!

Eivind Berge uttrykte fleire gonger ambisjonar om å verte ein sjekkekunstnar. Han klarte berre aldri å komme så langt. Heldigvis synte ei jente miskunn over han og gav han sex, elles hadde han nok framleis vore ein trugsel mot andre kvinner. Han kunne blitt ein Breivik om ikkje, hevdar han sjølv.

Det er ikkje utan grunn at Berge kunne sympatisere med Breivik. Breivik framsto òg som særs frustrert over manglande merksemd frå kvinner. Om ein les mellom linjene i Breiviks manifest, finn vi ein mann som (i tillegg til mykje anna) slit med å meistre det sosiale, deriblant den sosiale omgangen med kvinner. I Breiviks hovud blei dette til at feminismen hadde øydelagd kvinnene. Resultatet var eit ønskje om å «avfeminisere» samfunnet. Menn måtte bli menn att, og kvinner måtte verte kvinner att − og ikkje minst underordne seg.

Ein kan seie at å trekkje linjene frå alminnelege gutar som ønskjer å få betre sjølvtillit, til terroristar og valdtektsmenn, er å ta hardt i. Og det hadde det nok vore, om det ikkje var for denne kjensla av avmakt og frustrasjon som dei har felles, og som dei deler med den meir aggressive mannsrørsla.

Når vi ser korleis sjekkemiljøet lar seg radikaliserast slik det er tydeleg i Julien Blanc sine sjekketeknikkar og Roosh V sin vulgære misogyni, så må ein faktisk slå alarm. Å jobbe for betre sjølvtillit og betre sosiale ferdigheiter er så klart ein god ting, noko veldig mange hadde hatt godt av, men det må ikkje skje på kostnad av menneskesynet generelt, eller kvinnesynet spesielt.

For om det som skal til for at du får deg betre sjølvtillit og at du får deg eit ligg er at du slutter å tenkje på kvinner som menneske, og heller tenker på henne som et militært mål, så er det kanskje best at du ikkje har sex i det heile teke.

 

Fotnotar:

  1. Katie J.M. Baker (2013), “Cocbklocked by redistribution: A Pick-Up Artist in Denmark”. http://www.dissentmagazine.org/article/cockblocked-by-redistribution

Av Kristian Bjørkelo

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist. Han har gitt ut bøkene Gi meg en scene! om norsk blogghistorie og Ekstremisme, etter å ha fulgt ulike ekstreme miljøer i 15 år.